Velkommen til Kaffepausen- Former i Ull.
- Trude Hjartholm

- 17. nov. 2024
- 1 min lesing

Hei.
Litt om meg, Trude, alias @Kaffipausen.
Eg bur i utkanten av Bergen, har 7-15 jobb, samboer, svart katt og ein liten flokk med moskusender.
likar ein god kaffipause
drøymer om å hoppe av hamsterhjulet.
dyrke masse grønnsaker og frukt i hagen
Leve av hobbyen, Ull og toving.
Likar å drive med nesten alt av håndarbeid, som hekling, strikking og sying, det er berre synd at døgnet har berre 24 timar..
Favoritten er å jobbe med ull, tove og filte. Alt fra heilt ubehandla saueull til karda og farga ull av ulike kvaliteter, dette kjøper eg som regel alltid hos Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Ynskjer også å lære meg å meir om å ta vare på ulla sjøl, vaske, karde, farge og spinne.
Utnytte all den flotte ulla fra norske sauer, ull er jo eit heilt fantastisk materiale som kan benyttast til uendelig mykje. Heldigvis er det fleire som oppdager dette og finner nye måter å bruke ulla på, istedenfor at bonden må kaste den, noko som er heilt forferdeleg å tenke på..
Ser du noko du likar, eller du ynskjer å bestille tøflar så send meg gjerne ein mail eller pm på Instagram :)



Kommentarer