Bokbad, bobler og bærekraft.
- Trude Hjartholm

- for 6 døgn siden
- 1 min lesing
Gulen folkebibliotek og Breidvik og Bålen bygdelag inviterete til bokbad laurdag 6 juni.
Forfattar Ellen Gustavsen har gjeve ut boka Tålegrensen. Ho har budd i Norgulen i sin oppvekst og handlinga i boka foregår her i Gulen.

Cappelen Dam skriver: "Tålegrensen er en spenningsfylt psykologisk thriller med klimaendringer, sosial ulikhet og bygdeliv som et dystert bakteppe, og hvor vestlandsbygda blir en egen karakter. Dette er tredje bok om læreren Johanna Brekke og politimannen Lars Lukassen."
Dette er bok nr 3 med samme karakterane, så eg og mor mi kjøpte alle 3 bøkene.
Gledar meg til å lese iløpet av sommaren!
Her på bokbadet hadde bygdelaget invitert produsentar av kortreist mat og produkt, til å halde stand.
Det var 6-7 utstillarar frå honning til ysteri produkt.
Eg stilte med nokre ulltøflar laga av lokal ull frå bygda spesielt for anledniga.
Eit par i str 38 med motiv inspirert av rosemaling malt på lær, og eit barnetøffelpar i str 24.
Eg hadde og med meg nokre nydelige saueskinn frå gamalnorsk spelsau, desse vil ha med meg på neste stand og, synes dei gjorde mykje for utstillinga. Saueskinna kjem frå Staveneset i vaksdal, her får eg og ull ifrå.
Det var eit fint arrangement, folk møtte opp og veret var nydelig.
Ser no at eg absolutt skulle ha brukt strykejernet på den duken, men det blei det ikkje tid til..
Lørdag skal eg stå på torgdagen i Dale, det blir spennande!
Trude.










Kommentarer