top of page

Kreativt marked på Nesttun

Hei!

Eg har stått på marked!

Veldig glad for at eg turte å melde meg på Fana kreative marked, som var det fyrste av forhåpentligvis mange, det blei arrangert no på laurdag.

Eg har ingen bilder av sjølve marknaden desverre, då eg hadde nok med å ordne til standen min, og helse på alle dei fine utstillarane. Men det ligg mykje fine bilder frå dagen og arrangemanget på instagram @fanakreativemarked.


Når dørene opna ramla det inn med folk, og det var nærmare 1000 besøkande!

Eg fekk ikkje solgt så mykje, men det var ei god erfaring, mitt fyrste marked her i Bergen. Det kjekkaste var alle dei flotte folka eg møtte! Dei fine folka bak Fana kreative marked, dei frivillige som hjalp til og ikkje minst alle utstillarane, alle støtta kvarandre og var så positive! Og så fekk eg koselig besøk av slekt og venner kom innom og kikka og støtta meg.


Takk for ein flott dag!

Håpar du får ei fin veke og på søndag er det 17 mai allereie!

Føler meg inspirert til å lage litt pynt til dagen, så eg går ut i tovestova mi no.



Helsing Trude.



 
 
 

Kommentarer


bottom of page