Påskeharen
- kaffipausen
- 18. mars
- 1 min lesing
Denne gjengen på 4 blei levert til helsebua på Haugsver.
Plutselig er det påske!

Litt om korleis harepusen blir til.
Fyrst tovar eg kroppen, så lages det eit skjelett av streng som fylles i kroppen ilag med fyllmasse, det beste er å bruke ull. For at harepusen skal sitte støtt, fyller eg inn i litt grautris eller liknande i bunnen/ rumpa.
Så kjem det vanskeligaste og kjekkaste, nålefilte på ansiktet og spesielt augene, det er vanskelig! Men det er her personligheita liksom kjem fram.
Sidan heklar eg korger av hamp som det kan fylles litt snop eller påskepynt i, strikkar eller heklar skjerf og lue.
Men det er viktig å presisere, harepusen kan stå framme heile året! Det er berre å bytte skjerf og evt lue etter årstida, her heime har me ståande harepusar med juleskjerf og nisselue i desember, og badehåndklede og badeball i juli ;)
Eg har fått nokre bestillingar, så her må det jobbast! Utruleg kjekt at folk set pris på handlaga produkt og ønsker å bestille, tusen takk :)
Om du skulle ynskje deg ein harepus, er det berre å ta kontakt på mail!























Kommentarer