top of page

Nettbutikken er open

Hei :)

No er det mulig å handle i nettbutikken min, eg er veldig spent på om alt fungerer som det skal og om nokon vil handle mine produkter.

Eg har ikkje fått fyllt opp med så mykje som eg hadde planar om før opning, men det ordnar seg. Eg jobbar på og fyller på etterkvart.

No sit eg med nokre harepusar på arbeidsbordet her som blir klare iløpet av dagen. Det vil og komme fleire tøflar etterkvart.


Vinter OL starter på fredag og her jobbar eg med 3 deltakarar som vil delta i Hopp, Skøyter og Skiskyting/ ski. Desse blir til salg i nettbutikken når dei har deltatt i sine sportar, følg gjerne med på Instagram og facebook!





Denne gjengen er å finne for salg hos Tveita gardsmat i Gulen.














Håpar du får ei superflott veke!

 
 
 

Kommentarer


bottom of page