Gamal ull, like fin
- Trude Hjartholm

- 19. feb.
- 1 min lesing
Hei takk for at du kikkar innom her.
Her er det full vinter og nydeleg ver.
Eg har ein sekk med ull som er ca 15 år gamal, ulla er gul og luktar gamal.
Den er frå sauene som foreldra mine hadde og er derfor litt ekstra spesiell for meg og eg sparer på den.
No har eg vaska litt av denne ulla og karda den, den blei nydelig blank og fin.
Vinterver ute, men akkurat no ligg eg på sofaen med influensa/forkjølelse i kroppen og er ganske så redusert, ikkje ofte eg blir sjuk så eg får vel tole nokre dagar. Men då spørst det om eg får prøve skia i år... ;)
På bordet ligg det uferdige ullarbeid og ventar, og den nydelige ulla ligg ute i tovebua mi og er klar for å bli til noko fint.

Ha ein fin dag og kikk gjerne innom nettbutikken min!
Veldig kjekt om du deler den til fleire..
Trude.








Kommentarer