top of page

2026 Blanke ark..

Hei og eit godt nyttår! (kanskje litt for seint å sei...)


Nytt år og ein heilt ny start, det er noko med det eg likar best med å gå inn i eit nytt år, ein kan liksom starte litt på nytt.

Og i år startar eg på nytt med blanke ark, ny frisk energi og eg gledar meg!



No har eg gitt meg sjøl ein tidsfrist, 2 februar skal nettbutikken opne.

Så no er det fokus på ull framover, karde, tove og filte.

Sit her med kaffikoppen og planlegger vekene framover, eg jobbar heilt klart best om eg har ein klar plan.



Nettbutikken skal vere fyllt opp og klar med så mykje som eg klarar å få produsert no framover.

Her må eg sjølsagt prøve meg litt fram på kva produkt eg skal ha i butikken.

Og då treng eg hjelp frå deke!

Lik og del nettbutikken, gjerne også facebook (Hjartholm ull & toving) eller instagram (@hjartholm_ull) sidene mine.


Gi meg tilbakemeldingar på produkta de har kjøpt og send meg ei melding/mail.

Tusen takk! !






 
 
 

Kommentarer


bottom of page